Hallingdal Legevakt

Velkommen til Hallingdal Legevakt

  • Felles legevaktnummer i heile landet – 116117 – heile døgnet

    Frå 01.09.15 vart 116117 innført som felles legevaktnummer i heile landet. Nummeret fungerer både frå fasttelefon og mobil, og det er gratis. Du vil få svar frå legevakta i det området du oppheld deg.

    Oppgåvefordeling mellom fastlege og legevakt blir ikkje endra. Legevakta skal berre nyttast til å dekke øyeblikkeleg hjelp som eigen fastlege ikkje kan handtera.


    Når du treng legehjelp – kven skal du ringe til?

    • Fastlegen ved lokalt legekontor - i vanleg arbeidstid, også for øyeblikkeleg hjelp
    • Legevakt 116117 – når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente
    • 113 – når det er akutt og står om liv.


    Ring først!

    Legevakta er open heile døgnet. Når du ringjer på førehand, kan du få råd, tilpassa hjelp og eventuelt timeavtale med lege.

  • Når skal du kontakte legevakta på dagtid?

    Vi oppmodar deg til å bruke ditt legekontor og fastlegen din på vanleg dagtid fordi desse oftast har best føresetnad for å gje deg rett helsehjelp. Fastlegane har avsett tid til å ta i mot pasientar på kort varsel.

    Dersom du

    • treng rask legehjelp på vanleg dagtid,
    • og fastlegen ikkje er tilgjengeleg

    tek du kontakt med legevakta ( tlf. 116 117).

    Dersom det er akutt og står om liv, ring 113.

  • Når skal du kontakte legevakta på kveld, helg og natt?

    Den interkommunale legevakta på kveld, helg og natt (tlf 116 117) skal nyttast til helseproblem som ikkje kan vente til vanleg arbeidstid.

  • Flå

  • Nesbyen

  • Gol

  • Hemsedal

  • Ål

  • Hol/Geilo